Lokkar born inn i bilen

Vikebladet Vestposten har fått tips om personar i ein Toyota Corolla som lokkar born inn i bilen.
Nyhende

Vikebladet Vestposten har motteke tips om nokon i ein lysegrå VF-registrert Toyota Corolla som prøvar å lokke born inn i bilen anten ved å tilby dei godteri eller pengar. Dette har skjedd i Hjørungavåg og i Ulsteinvik.

Saka er ikkje meldt, men politiet har motteke tips frå publikum. Fungerande lensmann Leif Arne Mork kjem med ei oppfordring til publikum.

- Vi oppfordrar folk til å kontakte politiet om dei opplever slikt.