Ulsteining vart beste elev

Gjekk ut av Hærens befalskole som beste elev i Våpen og stridsteknikk og beste befalselev i kompani A

Lars Mork frå Ulsteinvik gjekk ut av Hærens befalskole som beste elev. 

Sersjantmajor Rune Wennerberg overrekkjer diplomet som viser at Lars Mork er beste elev i kompani A. 

Nyhende

Lars Mork scora høgast på den teoretiske prøva i våpen og stridsteknikk, praktisk eksamen i våpen behandling og sikkerheit og praktisk eksamen i skyting. Han fekk karakteren A på alle saman.

Sersjantmajor Rune Wenneberg har mange rosande ord å seie om Lars Mork:

- Han er trygg i leiarrolla og som fagmann. Frå første dag har han arbeidd hardt for eigenutvikling og han har synt særs gode haldningar i tenesta. Lars Mork står er både moden og sjølvreflekterande. Han har utmerka seg som fagleg dyktig, og har mykje militærrelatert kunnskap frå førstegangstenesta si. Dette har han bevisst vidareutvikla og lært bort i medelevane sine. Befalselev Mork har evna til å ta til seg læring på ein svært god måte, seier Rune Wenneberg, og gratulerer Mork som beste elev i kompani A.

Hærens befalskole er ein del av Hærens krigsskole, som har utdanna leiarar sidan 1750. Krigsskolen er desidert ein av dei eldste høgare utdanningsinstitusjonane i Norge.