Det vart i dag kunngjort at Kleven har signert kontrakt med Hurtigruten om å byggje to skip, og med opsjon til to skip til.

Konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen, seier at dei har jobba målretta for å få avtalen i hamn.

- Dette skal vi få til i lag!

Han takkar dei tilsette som har jobba for å få det til. Han legg også til at det likevel er no arbeidet startar.

Daniel Skjeldam er konsernsjef i Hurtigruten og gler seg til samarbeidet. Ikkje berre er det den største investeringa deira, men det viser òg potensialet dei ser i norsk reiseliv og moglegheitene der, fortel han vidare.

- Det er også kjerna i vår samfunnsrolle; å bidra til verdiskaping og vekst langs norske kysten.

Statsminister Erna Solberg gratulerer partane med avtalen. Ho seier avtalen viser inovasjonskraft, konkurransekraft og stå på-vilje. Ho uttalar til Vikebladet at dette er ein gledens dag. Ei slik kontrakt skapar stabilitet og arbeid.

- Det er kjekt å vere med her på ein slik dag!

Kontrakta vart så klart feira med eit klassisk sunnmørsk kakebord. Dette er ikkje ukjent for statsministeren som har familie her i frå.

- Kakebordet er enormt, men det er eg jo vandt med. Det er likevel mindre enn kakebordet vi nyleg hadde i eit selskap i hagen bak statsministerbustaden, då!