Ulstein har hissa på seg cannabis-tilhengjarar

Vurderer å klage kommunen inn for Sivilombodsmannen.
Nyhende

Ulstein Arbeidarparti har foreslått at Ulstein kommune får eit vedtak som seier at kommunen har nulltoleranse for ulovlege rusmiddel og aktivt vil forhindre omsetting av våpenkopiar og anna valdsrelatert utstyr.

Framlegget vart i slutten av juni vedteke som oversendingsframlegg frå kommunestyret, til formannskapet, som igjen har bede kommuneadministrasjonen arbeide vidare med oversendingsframlegget i samråd med politiet og leggje saka fram for formannskapet på ny.

Dette har organisasjonen Normal Norge fått med seg. Det er ein organisasjon som ønskjer aksept og respekt for vaksne cannabisbrukarar. Dei ser føre seg ein modell der cannabis blir regulert på lik linje med alkohol. Normal står for Norsk organisasjon for reform av marihuanalovgivning.

Karla Ellingsen i Normal Norge har sendt fleire brev til Ulstein kommune.

Mistenkjer lobbyverksemd

Ellingsen begjærer innsyn i alle dokument og all korrespondanse Ulstein kommune har hatt med Norsk Narkotikapolitiforening og Lions om narkotika. Ho ønskjer elles innsyn i alle dokument og korrespondanse relatert til kommunale vedtak om denne saka. Dei vil ha greie på om det er politiet eller NNPF som driv lobbyverksemdt for dette og korleis det skjer, skriv Ellingsen.

Informasjonskonsulent Elin Haddal i Ulstein kommune svarer at det har ikkje vore noko slik korrespondanse.

Viser til Grunnlova

Karla Ellingsen har også sendt eit brev der ho lurer på kva lovheimel Ulstein kommune stør seg på i denne saka. Normal Norge meiner dette strir mot paragraf 100 i Grunnlova, om ytringsfridom.

Dei har levert ein klage på tilsvarande forbod i Arendal kommune, som dei har tenkt å køyre heilt til Sivilombodsmannen. Om klagen til Normal Norge går fram, vil dei også klage på eit eventuelt vedtak i Ulstein kommune.

- Skal også menneske som har på seg slike klede bortvisast/straffeforfølgast, vil ho vite.

Men det er nok vanskeleg for Ulstein kommune å svare på før dei har gjort eit endeleg vedtak i denne saka.

- Gjeld klede

Karla Ellingsen presiserer til Vikebladet Vestposten at det er forbodet mot klede med politiske bodskap dei reagerer på.