Brørne Are og Sturla Pilskog driv saman det Leikong-baserte filmselskapet Blåst Film, som står bak kritikarroste "Havets Sølv", "Kunsten å legge seg paddeflat" og "Ishavshanda". No er dei i gong med ein ny film, som har fått arbeidstittelen "Mens vi ventar på kineserane", som handlar om folket i byen Maniitsoq på Grønland, der Alcoa, verdas største aluminiumsprodusent, skal byggje eit enormt aluminiumsverk. Fiskeriet her er daudt, og Det skriv Sunnmørsposten.

Filmen har eit budsjett på 4,5 millionar kroner, og har til no fått nye 1,4 millionar frå Norsk filminstitutt og 400.000 kroner frå Vestnorsk Filmsenter, til saman 1,8 millionar kroner. Både Are og Sturla har vore fleire gonger på Grønland, i fleire veker i strekk, og har også knytt til seg betre utstyr og ein ekstra fotograf.