Det var Svein Harberg, leiar for Stortingets familie- og kulturkomite som fekk æra av å avduke statua av Peter S. Brandal i ettermiddag, laurdag 3. septeber. Det striregna under heile avdukinga, men Harberg er frå Bergen, så han sa at han tålte regn.

Det møtte opp tjukt av folk til denne store dagen. Det vaia norske flagg i flaggstengene i bygda, og gjennom heile sentrum stod der bilar parkert på kryss og tvers. På grunn av regnet vart størsteparten av programmet flytta inn på Aarvakhuset.

Hjørungavåg Brass spelte og Ulstein mannskor song. Barbro Landmark leia oss trygt igjennom programmet.

Harberg fortalde den fantastiske historia om pioneren Peter S. Brandal.

- Historia er ikkje berre viktig for Brandal og Hareid, ho er også viktig for den nasjonale historia, sa Harberg og gav honnør til eldsjelene bak museet. Han lovde å arbeide aktivt for større anerkjenning for museet nasjonalt.

Dette var ord hareidsordførar Anders Riise merka seg. Han hadde også ordet under avdukinga. Hareid kommune har vore med og betalt statuen, og det var ei ære å få vere med å heidre ein så viktig mann.

Meir i papiravisa tysdag 6. september.