«Illegale» aviser i postkassene

– Eg er ei kontorrotte som ser verdien av eit sterkt forsvar, seier initiativtakar Jan Kenneth Steinsåker.

Styrk Heimevernet: Ordførarane i Ulstein og Hareid har slutta seg til eit opprop saman med alle dei andre ordførarane i Møre og Romsdal om at dei vil berge HV-11. Men det er ikkje berre ordførarane som engasjerer seg, det gjer også mange privatpersonar. Denne veka sørgde dei for at denne avisa kom i 3700 postkasser på Hareidlandet. Neste veke blir det vardebrenning på Hasundhornet. 

Jan Kenneth Steinsåker har sørga for at den «illegale» avisa «Styrk Heimevernet» har hamna i postkasser i Ulstein og Hareid.  

Nyhende

«Styrk Heimevernet» er ein nasjonal kampanje som jobbar mot kutt i Heimevernet. For få år sidan var det 90 000 deltidssoldatar i Heimevernet. Det siste forslaget i Langtidsplanen for Forsvaret inneber kutt ned til 35 000 soldatar og nedlegging av Sjøheimevernet. Dette vekkjer engasjement mellom folk. På Facebook har gruppa «Styrk Heimevernet!» bikka 15 000 medlemer.

– Der er det med ei veldig samansett gruppe. Det er alt frå folk i forsvaret, husmødrer, advokatar og kontorrotter som meg, fortel Jan Kenneth Steinsåker, som bur i Ulstein.

Denne veka har alle husstandar i Hareid og Ulstein, som ikkje har reservert seg mot reklame, fått førsteutgåva av den «illegale» avisa «Styrk Heimevernet» i postkassa. Avisa imiterer avisene som motstandsrørsla gav ut under andre verdskrigen, som ei påminning om kva som kan bli den yttarste konsekvensen dersom forsvarsevna svekkast. Nokre stader i landet skjer distribusjonen av avisa av at folk skriv avisa ut heime, og legg i postkassene i eige nabolag. Men i Ulstein og Hareid blir avisa fulldistribuert med Posten, takka vere lokale krefter, som har kosta utsendinga.

– Kven er det?

– For Ulstein og Hareid er det meg. Som eg sa til ein eg kjenner, det er ingen vits i å sitje å ruge på norske kroner om ein vaknar opp ein dag og valutaen er rublar, seier Steinsåker og legg til at det er litt dramatisk sagt, men dette er ei sak han brenn for.

Ikkje berre forsvar

Steinsåker meiner sunnmøringar bør vere spesielt opptekne av regjeringa sine planar, som mellom anna omfattar nedlegging av HV-11, som utgjer den siste resten av forsvarsevne i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Heimevernet er ikkje viktig berre militært, dei har også ei viktig oppgåve for det sivile samfunnet. Heimevernet kan på særs kort varsel stille store tal på personar til leiteaksjonar, redningsoperasjonar, skogbrannar og sivil innsats.

– Det er med andre ord ein stor del av den sivile beredskapen som også forsvinn, dersom det lokale HV-11 blir fjerna med eit pennestrøk, påpeiker Steinsåker.

Vardebrenning

Fredag 30. september blir det tent over 50 vardar over heile landet. Den eine blir tend på Hasundhornet.