Riise seier til vikebladet.no at Hareid kommune gjennom mange år har satsa breitt på tiltak for å fremje nynorsken heilt frå barnehagealderen.

- Hareid kommune har vore medvitne på å sikre nynorsk i alt skriftleg materiell, og vi har også mange bedrifter som brukar nynorsk, seier ordføraren. - Vi er ikkje ute etter å få pokal, men det hadde vore kjekt å få eit stadfesting på at vi driv eit  godt og målretta arbeid for å fremje nynorsken.

Riise legg til at kommunen har eit aktivt mållag som har gitt dei god drahjelp.

Hareid kommune har no sendt søknad til Språkrådet om å bli Årets nynorskkommune 2016.

Med i søknaden ligg ei lang smørbrødliste over kva kommuneleiinga meiner er bakgrunnen for at Hareid er verdig ei slik utmerking.

Søknaden er underskriven av ordførar Anders Riise, og blant argumenta finn vi desse:

Sterkt språkleg medvit

- Hareid kommunestyre vedtok i 1973 at det offisielle styringsmålet i kommunen skulle vere nynorsk. Dette var eit formelt vedtak, i realiteten hadde kommuneadministrasjonen lang historikk på å nytte nynorsk skriftspråk. Taletmålet i Hareid ligg nær opp til Ivar Aasen sin nynorsknormal, og det har aldri vore på tale i kommunal samanheng å nytte noko anna enn nynorsk i skriftleg arbeid. Det språklege medvitet har alltid vore sterkt i Hareid kommune, sidan språket vårt gir sjølvkjensle og lokal identitet.

Alt på nynorsk

I søknaden blir det peika på at alle kommunale planar er skrivne på nynorsk

Målbruken er nynorsk i alle sakspapir

Kommunen har eigen målruksplan som gir retningsliner for god språkrøkt.

Heimesidene brukar nynorsk, alle brosjyrar som vert laga i kommunen er på nynorsk, alle annonsar er på nynorsk og alle tilsette nyttar nynorsk i arbeidet sitt.

Litteraturtimar for barnehageborn

Det blir også vist til at Hareid folkebibliotek arrangerer litteraturtimar årleg for alle barnehageborn i kommune, med fokus på god barnelitteratur skrive på nynorsk. Tilsette i barnehagane og skulane i kommunen er medvitne i bruken av nynorsk, og alle leseverk og songhefte er på nynorsk.

Hareid kommune, i samarbeid med Interkommunalt Arkiv i Møre og Romsdal, har no sluttført arbeidet med digitalisering av stadnamnarkivet.

Prosjekt Språket til nye generasjonar

- Kjennsakap til gamle stadnamn i kommunen, digitaliserte og tilgjengelege på kommunen si heimeside, er eit viktig bakgrunnelement for identitet og talmål, som igjen er grunnlaget for skriftspråket vårt, heiter det i søknaden.

Det blir også argumentert med at Hareid folkebibliotek i 2013 hadde prosjektet Språket i Hareid til nye generasjon med ei rekke tiltak.