Ulstein bibliotek flyttar ut av Bjørndals Minne i løpet av hausten 2017, når Arena Ulstein står ferdig. Så då blir lokala ledige til annan bruk.

Omsorgsetaten/Psykiatritenesta melder om auka behov for areall i Skollebakken, så dei kan tenkje seg at nokon av brukarane der flyttar ut. Kulturleiar Leif Ringstad foreslår for levekårsutvalet i Ulstein kommune at eit alternativ kan vere at Ulstein Frivilligsentral og Ungdomsklubben Bell flyttar inn i Bjørndals Minne.

Det kan også vere aktuelt å flytte kulturkontoret til kommunen over i dette bygget, då det er nært Arena Ulstein. Huset vil i tillegg kunne innehalde utstillingslokale i andre etasje som kan leigast ut, til dømes til Ulstein Kunstlag og eventuelt andre utstillingar/utstillarar.

Treng oppussing

Uansett kva kommunen bestemmer seg for at bygget skal brukast til, trengst det pengar til naudsynt vedlikehald. Det gamle klassiske klokkartårnet står til forfall og skifertaket må leggjast om. Ein må truleg til med ventilasjonsanlegg i bygget, eit lite kjøkken bør på plass, og toalettet bør utbetrast. Der trengst også ein heis opp til andre etasje.

Det bør også gjerast noko med uteområdet.

Administrasjonen ber politikarane løyve 5 millionar til prosjektering, rehabilitering og tilrettelegging av bygget til nye bruksområde.

Saka skal først opp i levekårsutvalet onsdag 9. november.