I samband med Læringsarena Ulstein-prosjektet, der ein av hovudpilarane er å løfte lærarane sin kompetanse på bruk av teknologi i undervisninga, lanserer no samarbeidspartnaren Høgskulen i Volda vidareutdanning for lærarar.

Det stod mellom NTNU Ålesund og Høgskulen i Volda då ein høveleg samarbeidspartnar til dette prosjektet skulle veljast, og valet blei Høgskulen i Volda, fordi utdanningsinstitusjonen allereie har ei av dei beste lærarutdanningane i landet, og fordi mykje god pedagogisk kompetanse er samla der. Dette prosjektet fekk også Ulstein kommune støtte til frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fire emne

Dei fire emnemodulane som studentar ved høgskulen kan ta, og som gir 5 studiepoeng kvar, er: Profesjonsfagleg digital kompetanse og læringsnettverk, leiing av digital skuleutvikling, samansette tekstar i læring, og didaktisk bilde- og filmproduksjon og omvendt undervisning (FlipEd).

Måndag blir den nye vidareutdanninga presentert på Sjøborg. Der vil både representantar frå Høgskulen i Volda og Ulstein kommune vere til stades.