Engeskardtunnelen er komen på Hareid kommune si ROS-analyse – ei «risiko- og sårbarheitsanalyse» – eit dokument over 30 ting som kan gå gale i Hareid kommune.

Alt som kan gå gale:

Ingen, verken dei som bur på Alme, eller hytteeigarane i området, er forbausa over at noko kan kome til å gå gale i Engeskardtunnelen.

– Vi er redde for å få ei steinblokk i hovudet kvar gong vi køyrer gjennom tunnelen, kommenterer Georg Johansen, som er busett på Alme. Og han legg til:

– Vi har ingen å miste.

Steinar har fallle ned

Torbjørn Mork er busett like ved tunnelen, og han er grunneigar i Engeskardet.

– Eg er livredd kvar gong eg høyrer det kjem born gjennom tunnelen. Dei kjem både på sykkel og gåande, spesielt sommarstida. Då brukar folk hyttene sine mykje, og her er følgjeleg ekstra mange born og ungdomar, fortel han.

Tunnelen er såpass skummel at det hender ungdomar som er busette på Alme, og som skal gå til Hjørungavåg, går råsa over Engeskardet, i staden for å spasere gjennom tunnelen.

Det har fleire gonger falle stein ned frå taket, men heldigvis har ingen blitt skadde til denne tid.

Verst om vinteren

Men ein ting er sommarstida. Endå verre er det om vinteren, meiner innbyggjarane:

– Då heng her store isjuklar ned frå taket. Dei sprengjer i fjellet, og gjer sprekkene endå større. Og kjem det ein mildvêrsperiode, byrjar det å drype frå isjuklane. Det igjen fører til store issvollar i vegbana inne i tunnelen, viss det frys på igjen, forklarer Ronny Nipen. Han er busett i Almestranda og har to born som skal køyrast til og frå skule og fritidsaktivitetar.

– Når isen heng frå taket, brukar her i periodar å kome folk frå Hareid kommune kvar dag for å slå ned istappane. I lengda vil eg tru det ville vere betre samfunnsøkonomi å sikre tunnelen slik at vatn og is ikkje lenger var eit problem, seier Johansen.

Bodskapen til dei som bur på Alme er klar: Hareid kommune må snarast råd gjere noko med tunnelen.

– Fjellet er rote, og her er fleire parti som verkar å vere lause, slår Einar Warholm fast.

Kanskje det aller beste hadde vore å få sprengt vekk heile tunnelen, og så fått bygt ei gangbru på toppen av skaret? spør dei.

Engeskardtunnelen er berre 25 meter lang, og svært smal. Han har også ein sving, og dette gjer siktforholda dårlege.

– Brannbilen kjem seg akkurat gjennom tunnelen. Men betongbilar og andre større bilar kjem seg ikkje igjennom. Også skulebussen har problem, og eg veit at dei fleire gonger har knust sidespeglane på veg gjennom den tronge passasjen, fortel Ronald Korsnes.

Dårleg Internett-tilgang

Innbyggjarane på Alme er heller ikkje nøgde med Internett-tilgangen.

– Det er så vidt vi får kontakt. Skal borna til dømes levere inn ei skuleoppgåve, må vi be naboen om ikkje å vere på nett. Vi får berre inn 2 megabyte, fortel Ranja Dimmen. Ho er kommunestyremedlem og meiner kommunen bør søkje om tilskot til breibandutbygging gjennom NKOM.

– Men bortsett frå tunnelen og den dårlege breibandutbygginga, er det svært fint å bu på Alme, forsikrar dei.

Bussjåfør: - Tunnelen er eit vanskeleg punkt

– Forholda er spesielle i Engeskardtunnelen, stadfestar bussjåfør Øystein Haddal.

På oppdrag frå fylkeskommunen køyrer Nettbuss skuleborna på Alme til og frå skulen. Då må dei gjennom Engeskardtunnelen. – Storleiken på tunnelen gjer at vi må bruke ein buss som er litt lågare enn dei andre. Og no har vi berre ein av den typen, så det er sårbart, fortel Haddal.

– Hittil i haust har vi hatt to tilfelle med skader på bussen. Tunnelen er så smal at side-speglane har blitt smadra. Haddal meiner det kanskje største problemet med Engesardtunnelen er vass- og isforholda.

– Vatnet renn nedetter veggene i tunnelen, og i kuldeperiodar legg det seg som isklumpar på sidene. Følgjeleg blir tunnelen endå smalare.

I begge endar er det ein sving på tunnelen, og dermed blir også oversikta dårleg.

SSR køyrer

Engeskardtunnelen er 3,80 cm høg. Søre Sunnmøre Reinhaldsverk hadde tidlegare i føreskriftene sine at høgda på tunnelane måtte minst vere 4 meter. Men etter påtrykk frå blant andre Hareid kommune er forskrifta endra, og SSR  køyrer gjennom tunnelen.

Ordføraren: Beredskapen på Alme er sikra

Tunnelen i Engeskardet er komen inn på ROS-dokumentet vårt, men det er ikkje løyvd pengar til større utbetringar i tunnelen, svarar ordførar Anders Riise. Han legg til at viss det skal gjerast, må det takast i samband med økonomiplanarbeidet.

– Med det eg veit er den største problematikken i tunnelen ising. Som ordførar likar eg ikkje tanken på at det skal falle steinar frå taket i tunnelen, men dessverre kan ikkje kommunane heilgardere seg for slikt. Steinar kan det falle mange stader, legg Riise til. Han ser ikkje bort frå at den beste løysinga på sikt kan vere å skyte ned tunnelen, for å få ein open trasé.

Ordføraren fortel at det ikkje er lenge sidan det var ein delegasjon frå kommunen på synfaring i tunnelen. I første rekke for å sjekke at brann- og tankbil kjem seg gjennom ved ein eventuell brann.

– Begge desse bilane kjem seg gjennom, så vidt det er. Så brannberedskapen er heldigvis sikra.

Plan for fiberdekning under arbeid

Når det gjeld dårleg nettdekning på Alme fortel Riise at rådmannen har fått i oppdrag å lage eit kart over fiberdekninga i kommunen. Dette for å lage ein plan for å betre dekninga. – Der skal vi blant anna lage ein strategi for kvar vi kan søkje om støtte. Både utbyggjarar, innbyggjarane og statlege og fylkeskommunale institusjonar er aktuelle.

Isen er det verste: Isen som heng ned frå tak og veggar i vinterhalvåret er den største ulempen ved Engeskardtunnelen.