I skuggen av Rasofiel

Fekk 12-barnsmora Augusta Rise nokon gong høve til å vise kva kunstnarevner som budde i henne?

Tolv barn på 16 år: Augusta Rise (f. Liavåg) fekk lite høve til anna enn fødslar, barnestell og fjøsrøkting dei seksten åra ho var gift med Rasofiel Rise. Ho døydde i barselseng i 1896, 36 år gamal. 

Nyhende

 årboka til Hareid historielag har Guri Alme skrive ein artikkel om Rasofiel Rise si kone, Augusta f. Liavåg.

- Tema for artikkelen var først og fremst slekta hennar – eg har derfor lyst til å kaste litt lys over det livet ho hadde som bondekone, seier Bård Bigset.

- Eg har ofte reagert på at det berre er Rasofiel som blir trekt fram når dei tolv gåverike borna på Vonheim blir omtala. At mange av dei hadde kunstnariske evner, er ikkje å tvile på, men hadde dei det berre etter Rasofiel? Fekk Augusta nokon gong sjanse til å vise kva evner ho hadde i den lei? spør Bård.

- Eg trur ikkje folk er klar over at Augusta fødde 12 barn i løpet av dei 16 åra ho var gift med Rasofiel Rise. Kvinner både før og etter henne har fått så mange born, men det er ikkje mange som har født dei over eit så kort tidsrom – og her var ingen tvillingfødslar. Augusta var 20 år då ho gifta seg med 36-åringen Rasofiel i 1880. Alt frå starten kom borna med eitt eller to års mellomrom. Ho hadde ikkje mykje tid til å hente seg innatt mellom fødslane. Det kortaste intervallet var mellom Allaug og Sverre. Allaug vart fødd 24. oktober 1889, medan Sverre kom til verda 30. oktober 1890 – berre tolv månader seinare. Det lengste intervallet var faktisk mellom dei to eldste, Randulf og Nyfrid. Der var det akkurat to år mellom fødslane.

- I tillegg til å bere fram born hadde Augusta ansvaret med stellet av fjøs og mjølkekyr – og utedoet deira stod borte i skogen. Det må ha vore litt av eit slit. Og dei hadde ikkje papirbleier den gongen. Det har vorte meg fortalt at Augusta var så utslita at ho nesten kraup på alle fire når ho skulle i fjøsen for å mjølke.

Augusta døydde i barselseng då nummer 12, Audun, kom 27. oktober 1896. Då var eldstejenta Nyfrid 14 år, medan den andre jenta, Allaug, var 7. Nyfrid døydde forresten 29 år gamal.

Augusta har vore i bakgrunnen til Rasofiel sine bragder. Med så mange og hyppige barnefødslar kunne ho ikkje hatt tid til å praktisere dei kunstnarlege evnene sine. Kanskje var dei like store som Rasofiel sine? spør Bård Bigset seg.

Augusta sine fødslar:

Randulf 26/6 1880

Nyfrid 1/7 1882

Ovald 28/5 1884

Jon 3/10 1885

Ragnar 22/2 1887

Hermod28/5 1888

Allaug 24/10 1889

Sverre 30/10 1890

Asbjørn 27/3 1892

Einar 15/11 1893

Dagmund 10/3 1895

Audun 27/10 1896

* I gardssoga står 30/1 1890 som Sverre sin fødselsdato, men her har det falle ut ein null. Det rette skal vere 30/10.