Vikemyra Velforening har sendt inn eit innspel til levekårsutvalet i Ulstein kommune.

No i byggjeperioden av Arena Ulstein set bussane av skuleelevane i sentrum, like utanfor Mjøl og Meir. Det meiner velforeininga dei kan halde fram med, også etter Arena Ulstein er ferdig. Borna har godt av å gå nokre hundre meter til skulen.

– Dette er i samsvar med politiske og praktiske ønskje om å borna treng fysisk aktivitet og «frisk» luft før skulestart. I tillegg får «skulevegen» funksjon som myldre og kontaktarena undervegs, nett som i gamle dagar, før «bussing» og privatbil til skulen var vanleg, skriv dei.

Vikemyra Velforening likar dårleg at det er regulert inn ein tofelts køyreveg gjennom det nye skuleområdet (les Gjerdegata). Dei synest ikkje det verkar trygt at denne vegen er mellom skulane og Arena Ulstein, som vil bli mykje brukt av skuleelevane. Dei oppmodar politikarane til å finne fram til ei løysing som tar betre vare gode levekår- og oppvekstmiljø for brukarane av skulane.