Riksantikvaren fordeler 60 millionar kroner til fartøyvern i 2017. Tilskota går til antikvarisk istandsetjing av freda og verna fartøy over heile landet. I alt 240 fartøy står i dag på Riksantikvaren si verneliste. Av desse er 14 freda.

Fartøyvernet i Norge kvilar på innsatsen til fleire tusen frivillige, som årleg legg ned over 150.000 dugnadstimar på istandsetjing, drift og vedlikehald av verna og freda fartøy.

Einaste i Møre og Romsdal

MS Hindholmen får 180.000 kroner frå Riksantikvaren, mot 295.000 kroner i fjor. MS Hindholmen er faktisk den einaste båten i Møre og Romsdal som får tilskot i år, mot fem i 2016.

Fiskebåten, som er i stål, vart bygd ved Kristiansand Verksted i 1916 og var i mange år eigd av Aarset-reiarlaget på Vartdal. Det er ei stifting som no eig båten og gjennom restaureringsarbeidet har ein særleg lagt vekt på å skildre fiskeriet på 50-talet.