Fleire på vengene

Fjorårets påske gir oppsving i år.

(Illustrasjonsfoto) 

Nyhende

Sverre Bae, lufthamnsjef Ørsta Volda Lufthamn, Hovden, melder at flytrafikken til og frå denne flyplassen gjekk opp med sju prosent i mars samanlikna med mars-månad i 2016. Det forklarer han med at påska i fjor var i mars. Flytrafikken går ned i ferietider. 

Avinor melder at trafikken frå Avinor sine flyplassar gjekk opp med 7,7 prosent i mars samanlikna med same periode i fjor. Innlandstrafikken auka med 10,9 prosent, medan utanlandstrafikken auka med 3 prosent.