Lange bilkøer ved ferjekaia

Både i Hareid og Sulesund.

Arkivfoto frå ei tidlegare ferjekø. 

Nyhende

Rute C er innstilt denne veka på grunn av årleg verkstadopphald. Og rute B har redusert kapasitet frå 18. april og inntil vidare, skriv Norled på nettsida si.

Sunnmørsposten melder om at ferjene som går ikkje greier å ta unna alle som vil over fjorden i ettermiddag (tysdag). Det er den største ferja, Tidefjord, med plass til 120 bilar som er ute av drift.

Inge Andre Utåker seier til smp.no at Norled reknar med at Tidefjord er tilbake frå onsdag neste veke.