Sambandet blir starta opp att

Men køyrebrua må styrast manuelt.

Ferjekø på Hareid.   Foto: Linda Eikrem

Ferja kjem.   Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Norled skreiv i ei melding torsdag ettermiddag at sambandet Hareid - Sulesund ville vere stengt inntil vidare. Bakgrunnen for stenginga var at ein har problem med ei ferjebru på Sulesund.

Frå før har det vore redusert kapasitet på Hareid - Sulesund grunna årleg vedlikehald på MF "Tidefjord".

14:55: I ei oppdatering frå Norled går det fram at ein no satsar på å starte opp at trafikken på sambandet. Dei melder samstundes at det kan verte ekstra forseinkingar grunna at Statens vegvesen vil måtte drifte køyrebrua manuelt til dei har fått orden på problemet.