Sunnmørsposten kjøper Vestlandsnytt

Sunnmørsposten har inngått avtale om overtaking av lokalavisa for Herøy og Sande.

Sunnmørsposten kjøper Vestlandsnytt. Her ser ein administrerande direktør i Sunnmørsposten, Lidvar Flydal (t.v.) og dagleg leiar og fram til no, eigar av Vestlandsnytt, Fred Frantzen. 

Nyhende

Avisa som kjem ut to gonger i veka, i eit opplag på vel 4.400 eksemplar, skal no vidareutviklast gjennom nye digitale tilbod til lesarar og annonsørar. Avtalen Sunnmørsposten har inngått med Vestlandsnytt gjer at førstnemnte tek over 100 prosent av aksjane i selskapet. Dette kjem fram i ei felles pressemelding frå Sunnmørsposten og Vestlandsnytt. Salet av avisa har ikkje vore ei lett avgjersle, fortel eigar og dagleg leiar Fred Frantzen.

- Avgjerda om å overlate avisverksemda til ein annan aktør har gradvis modna. Eg nærmar meg pensjonsalder og har hatt ansvaret for drifta av Vestlandsnytt i over 40 år, seier Frantzen og legg til:

- Det er sjølvsagt ikkje med lett hjarte eg har kome til denne konklusjonen, det å overlate livsverket til andre, - men alt har si tid. Etter lang tids vurdering av fleire alternativ, og utifrå ei totalvurdering, har eg kome til at Sunnmørsposten er det rette valet med tanke på å vidareutvikle og føre Vestlandsnytt inn i framtida. Sunnmørsposten har vist at dei kan balansere rolla som mediehuset for Nordvestlandet, og det å vere eigar av lokalaviser i den same regionen.

Skal halde fram som lokalavis

Frantzen fortel at det gjennom heile salsprosessen har vore ein klar føresetnad at Vestlandsnytt skal halde fram som lokalavisa for Herøy og Sande.

- Vestlandsnytt skal framleis vere det lokale ankerfestet for lesarar og annonsørar i dette området. Slik har det vore i 86 år, og slik skal det vere vidare. At hovudkontoret skal ligge i Fosnavåg, er ein like klar føresetnad. Vi har ei tydeleg felles målsetting om at Vestlandsnytt skal halde fram med å vere best på formidling av lokale nyhende og informasjon i nedslagsområdet, og ser med forventning fram til at lokalbladet sin sterke posisjon kan utviklast vidare inn i den digitale framtida, seier Frantzen.

Skipa i 1935

Avisleiaren ønskjer også å takke sine dyktige medarbeidarar gjennom alle år.

Vestlandsnytt vart skipa av Olav Aurvoll i 1935. På midten av 1950-talet tok Frantz G. Frantzen over som eigar og drivar, ei rolle sonen Fred Frantzen vidareførte etter faren sin bortgang tidleg på 70-talet. I 2016 hadde avisa ei omsetning på rundt 10 millionar kroner, og eit brutto driftsresultat på 1,9 millionar kroner.

- Solid og veldrive avishus

Administrerande direktør i Sunnmørsposten, Lidvar Flydal, meiner det er ei avis med eit svært godt utgangspunkt som no blir ein del av Sunnmørsposten-konsernet.

- Vestlandsnytt er mellom dei største lokalavisene i fylket. Avisa framstår som eit solid og veldrive lokalt avishus med godt omdøme som har ei sterk forankring både hos lesarar og annonsørar i sitt område, seier Flydal.

Vestlandsnytt blir no det nyaste innslaget i konsernet. Frå før av er mediehuset eigar av Sunnmøringen, Vikebladet Vestposten, Møre-Nytt, Fjordenes Tidende, Fjordabladet og Fjordingen. Gjennom å vere majoritetseigar i Skjåk Mediautvikling og utgjevar av Fjuken, er også Sunnmørsposten indirekte eigar av Vigga (Dombås) og Dølen (Vinstra). Sunnmørsposten er ein del av Polaris Media Nordvestlandet, som er eit underkonsern i Polaris Media.

- Prioriterte oppgåver framover blir å gi både lesarar og annonsørar eit godt tilbod, både på papir og i digitale kanalar. Sunnmørsposten og Polaris Media har eit sterkt digitalt utviklingsmiljø som kan bidra til dette. Det godt etablerte marknadssamarbeidet mellom Vestlandsnytt og våre lokale mediehus på Søre Sunnmøre skal også utviklast vidare, legg Flydal til.