I dagens papirutgåve av Vikebladet Vestposten kan me lese at Kjetil Dimmen har høyrt årets første gauk. Det var laurdag morgon (altså 6. mai) at han høyrde dei første ko-ko på Indre Dimna.

Men no ringjer Magnulf Løset inn til lokalavisa og fortel at han høyrde gauken alt 4. mai.

– Det var tidleg, kommenterer han sjølv.

Det var på hytta på Løset han fekk glede av å høyre årets første ko-ko. Løset fortel at det var ikkje mange ko-ko han høyrde. Fuglen var beskjeden, men det var då sorten.

Marius Vangen Kvalsvik kontakta Vikebladet Vestposten tysdag ettermiddag, og kunne fortelje at gauken var å høyre i Herøy allereie 30. April, meir nøyaktig på Nerlandsøy.