For snart to år sidan gjorde teknisk utval i Ulstein kommune eit vedtak om å be Statens vegvesen setje ned fartsgrensa forbi Hasundkrysset til 60 km/t. Dette var meint som eit mellombels trafikktryggingstiltak.

Samtidig bad dei vegvesenet prioritere gjennomføring av andre avbøtande tiltak.

No svarer Statens vegvesen at dei ikkje vil setje ned fartsgrensa til 60 km/t, men til 70 km/t.

Har gjort fleire tiltak

Statens vegvesen skriv at dei i 2009 gjennomførte utbetring av sideterrent i tillegg til at veglys vart sett opp. I løpet av siste femårsperioden har vegvesenet registrert tre ulukker med personskade i krysset. Det har i tillegg vore ulukker utan personskader. Krysset er utrusta med eit separat høgresvingfelt, som bidreg til god kapasitet for trafikkavviklinga, men som også til tider blokkerer sikta for trafikk som skal inn på fv. 61 frå Dimna.

Vegvesenet argumenterer med at høgresvingfeltet har medverka til at talet på påkøyringar bakfrå er redusert.

Dei fleste køyrer under fartsgrensa

Fartsmålingar på strekket mellom Strandkrysset og Hasundkrysset (gjennomført i 2015) seier at 50 prosent av bilistane køyrde med ei fart på under 72 km/t. 85 prosent av bilistane køyrde under 80 km/t.

Årsdøgnstrafikken mellom Strandkrysset og Hasundkrysset er over 9000 køyretøyt, etter Hasundkrysset 7000 køyretøy.

Nasjonale retningslinjer

Vegvesenet viser til at det er nasjonale fartsgrensereguleringar, så det skal vere lett å kjenne igjen fartsgrensene over heile landet. 60 km/t blir brukt på vegar med busetnad tett inntil vegen og mange avkøyrngar og mykje aktivitet langs vegen. Det er det ikkje her.

Fartsgrensa 70 km/t kan brukast på vegar med 80 km/t dersom vegen har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på over 8000 og korkje har midtrekkverkt eller forsterka midtoppmerkning. Hovudsakleg skal 70 km/t brukast på vegar der dette er naudsynt for å ta ivare trafikktryggleiken.

- Ei mellombels fartsgrense som er lågare enn den fastsette kan Statens vegvesen skilte berre ved arbeid og tilstellingar på og ved riks-, fylkes og private vegar, skriv vegvesenet i brev til Ulstein kommune. Skiltinga blir då berre gjennomført med gule skilt (arbeidsvarslingsskilt). Elles har politiet høve til mellombelse fartsgrenser.

Konklusjon

Konklusjonen til Statens vegvesen er at dei kan setje ned fartsgrensa til 70 km/t.

Som eit avbøtande trafikktryggingstiltak ønskjer dei å forby forbikøyring i krysset. Dei vil også merke vegbanen med ei dobbel sperreline, for å hjelpe trafikantar med å finne rett plassering gjennom kryssområdet.

Elles vil eksisterande veglys i Hasundkrysset bli erstatta med nye LED-armaturar.

Men før dei gjennomfører desse tiltaka før Ulstien kommune, politiet og Møre og Romsdal fylkeskommune høve til å uttale seg, fristen er 31. mai 2017.