- Vi austlandsfolk treng å lære om resten av landet når vi sit på Stortinget.   Stortingsrepresentant frå Venstre, Abid Raja, har nettopp køyrt om bord i ferja Ullensvang på Sulesund.   Han er på reise i Møre og Romsdal saman med partikollega Pål Farstad, som har site på Stortinget frå Møre og Romsdal den siste perioden.

- Pål må få gjenval, seier Raja, og viser til at det er viktig for Møre og Romsdal å ha representantar på Stortinget.

På ferja møter han Anders Riise, Hareid-ordførar og styremedlem i Hareid Fastlandssamband, Hafast.  Riise skal på turen til Hareid gje Raja eit lite innblikk i prosjektet, og startar med å peike ut traseen for den ferjefrie fjordkryssinga frå ferjedekk.

Hafast har ein planlagd byggestart i 2023, - Viss Stortinget klarer å henge med, seier Riise.

- Vi skal henge med, ja, men då må det vere borgarleg fleirtal, svarer Raja.

- Ja, då må Venstre kome seg over sperregrensa, repliserer Riise.

Ferjeturen går fort, også fordi Raja må slå av bilalarmen sin eit par gongar og veksle nokre ord med matrosen.

Han vert mest oppglødd når han forstår at det planlagde bruspennet på tre tusen meter er lengst i verda.

- Oj, då blir det verdsrekord då, utbryt han.

Seinare laurdag reiste Abid Raja vidare til Runde miljøsenter, før han søndag avsluttar turneen i Møre og Romsdal i Vanylven.