Warholm spring søndag sin andre finale under U23-EM i  Bydgoszcz i Polen.   På 400 meter hekk har han fått bane 5, og Hatløy meiner alt ligg til rette for at Warholm skal gjere eit godt løp.

- Ja, eg meiner han har ein god sjanse til å ta gull i dag, seier Hatløy.

Sølv på 400 meter

Laurdag ettermiddag tok Warholm sølv på 400 meteren, etter at han vart slått i finalen av slovenaren Luka Janez.  Tidlegare på dag hadde Warholm kvalifisert seg til finalen på 400 meter hekk.

- Det er ein fantatisk prestasjon det han har fått til så langt.  Eg såg at han opna litt hardt på 400-meteren, før det butta litt imot frå 320 meter og inn, seier Hatløy, som seier at to timar mellom dei to løpa nok vart i kortaste laget.

Feilvurdering?

Karsten Warholm har altså delteke i to øvingar under europameisterskapen.  Arve Hatløy vil ikkje høyre snakk om det var ei feilvurdering.

- Karsten treng slike utfordringar, seier han.

I finalen på 400 meter hekk trur Hatløy at Warholm må ned i minst 49 sekund for å vinne.  Han har ein personleg rekord på 48,25.

Her kan du følgje direktesendinga frå meisterskapen, finalen på 400 meter hekk går ca kl 16.25.