– Eg heldt på å ramle over altanrekkverket då den femte etasjen vart sett opp.

Linda Kjellevold sit på den nybygde terrassen og ser på det nye bygget. Ho kjøpte huset i Bakkegata i fjor haust og visste at det skulle byggast på marka nedom vegen.

–Men at det skulle ta all utsikta vår, nei, det kunne eg ikkje lese av teikningane vi fekk, seier ho.

– Lei meg

Kjellevold får støtte frå nabo Tone Grimstad Kvalsvik.

–Eg har vore lei meg under heile byggeprosessen. Vi har i alle år hatt ei flott utsikt utover Ulsteinvik, det nye bygget har teke minst halvparten, seier Kvalsvik.

Både ho og Linda Kjellevold er sikre på at husa deira har gått kraftig ned i verdi når utsikta har forsvunne.

–Hadde bygget vore ein etasje lågare, hadde det vore heilt greitt, seier dei to naboane.

– Totalt skivebom

I eit av dei andre husa som ligg bak leilegheitskomplekset bur Tor Meinseth, som har vore kommunepolitikar i Ulstein i ein mannsalder. Heller ikkje han er nådig i kritikken av nybygget.

– Dette er heilt katastrofalt, ein total skivebom, seier han, og viser lokalavisa kor lite utsikt han no har frå huset. Han som tidlegare kunne sjå heile sentrum, kan no så vidt skimte kranene på Kleven Verft. Han fryktar at også det forsvinn når taket kjem på plass.

– Eg var ikkje klar over at det kom til å verte så dominerande, seier han og peikar ned på bygget.

Men har ikkje du som lokalpolitikar sove i timen her, burde ikkje du ha sett korleis dette ville bli?

– Ja, du kan sikkert seie at eg ikkje har følgt heilt med, men eg meiner det først og fremst er kommuneadministrasjonen som har forsømt seg her. Dei burde ha gjort meir for å visualisere korleis dette bygget kom til å verte sjåande ut, meiner Meinseth.

Nabovarsel

Mannen til Tone, Arne Kvalsvik klaga på høgda på eit eventuelt bygg då reguleringsplanen for området var ute på høyring. Dette vart ikkje teke omsyn til då planen vart vedteken i 2014. Ingen protesterte på høgda då dei fekk nabovarsel om bygget som no er sett opp.

– Vi har ikkje kunne påverka prosessen på nokon måte, sidan bygget var godkjent før vi flytta inn. Men hadde vi hatt noko vi skulle ha sagt, hadde vi protestert på høgda, seier Linda Kjellevold.

Heller ikkje Tor Meinseth tok til motmæle då han fekk nabovarsel.

– Eg tenkte at det var bra at det endeleg vart gjort noko på marka som hadde stått ustelt i tjue år. Men når eg no ser resultatet, ser eg at dette er totalt malplassert i dette området med einebustader. Ja, dette er faktisk så gale at det ikkje heng på greip, seier Meinseth.

Ifølgje Meinseth er det stadig folk som stoppar ved huset hans og spør kva han synest om bygget.

– Dette er ein skikkeleg snakkis i Ulsteinvik for tida, det verkar som om storleiken på bygget har kome som julekvelden på kjerringa, seier han.

Millionutsikt

Tilbake i stova hos Tone Grimstad Kvalsvik viser ho lokalavisa at utsikta er halvert.

– Eg hugsar faren min kommenterte at berre utsikta var verd millionar då vi kjøpte huset for åtte år sidan, seier Kvalsvik.

Tor Meinseth er oppteken av at Ulstein kommune skal lære noko av denne saka:

– Dette må ikkje gjenta seg. Ein må ikkje fleire gongar finne på å plassere eit sånt prosjekt i ein tett busetnad, seier han.