Mobbesaka i Ulstein

Drøftar først ei minneleg ordning

Utsett rettsforhandlingane i 10 minutt.

Oppvekstsjef Gry Nordal saman med ordførar Knut Erik Engh og KS-advokat Øyvind Renslo. 

Nyhende

Før lagmannsrettssaka vart sett i Ålesund no tysdag, tok administrator Dag Brathole ordet og spurde partane om det kan vere aktuelt å kome fram til ei minneleg ordning.

Han viste blant anna til at det har kome nye fagrapportar som meiner at Glen Børge Flø har ein medisinskinvaliditetsgrad.

Brathole spurde KS-advokat Øyvind Renslo om dei hadde drøfta ei minneleg ordning med motparten.

- Det har vi ikkje, for vi har oppfatta det slik at motparten ikkje var interessert i det, svara Øyvind Renslo.

Forsvararen til Glen Børge Flø svara at han oppfatta at partane stod langt frå kvarandre, men at det ikkje kunne skade å snakke saman nokre minutt.

- Fint, for det kan bli fire smertefulle dagar i retten for fleire, viss vi går i gang med forhandlingane, sa Brathole.

Glen Børge Løset Flø stiller med forsvarar Lars-Henrik Windhaug.

Då saka var oppe i Tingretten vart Glen Børge Flø tilkjent ei erstatning på to millionar kroner frå Ulstein kommune. Dette har Ulstein kommune anka, og saka startar i Frostating Lagmannsrett i dag, tysdag.