Konfliktrådet:

Auke i konfliktsaker på Sunnmøre

Konfliktrådet på Sunnmøre fekk inn 117 saker i løpet av første halvår i år.

- Konfliktråd er eit enkelt og gratis tilbod for å dempe konfliktnivået i juridiske saker, seier daglig leiar Tom T. Græger i Clerks.  Foto: Clerks.

Nyhende

Konfliktar som hamnar i Konfliktrådet kan til dømes vere nabokranglar, samværsavtalar, mobbing, falske festivalbillettar, tjuveri, hundeslagsmål eller vald.

Konfliktrådet på Sunnmøre fekk inn heile 117 saker i løpet av første halvår i 2017.

Det er ein auke på nesten 10 prosent (9,35 prosent) frå same perioden i fjor.

– Innbyggjarar som opplever urettferdigheit som dei er usikre på, har ei unik moglegheit til å nytte konfliktråda for å få ein nøytral gjennomgang av saka si, seier dagleg leiar Tom T. Græger i det juridiske rådgjevingsselskapet Clerks.

– Alt arbeid konfliktråda gjer for deg er gratis, og dette meiner vi er ein god måte å bruke skattepengane våre på.

Over 4.000 saker på landsbasis
Dei i alt 22 konfliktråda i Norge fekk inn 4.115 saker i første halvår av 2017.

- Å løyse problematiske saker i konfliktrådet er langt betre enn å forsøke å bringe sakene inn for retten, meiner Græger.

- Konfliktrådet er eit lågterskeltilbod der alle kan melde inn konfliktar dei ønskjer å få mekling i. Det mest positive er at ungdom som har trakka feil kan få si sak handsama her i staden for i ein formell og kanskje skremande rettssal.