– Det hjelp lite med 4-felts motorvegar og ferjefrie fjordkryssingar betalt med bompengar om ein ikkje kjem seg fram til desse på grunn av dårlege fylkes- og kommunevegar, seier Geir Lien som er andrekandidat på stortingslista til Senterpartiet.

Vikebladet Vestposten møter han og ein liten delegasjon frå Senterpartiet på Dragsundbrua mellom Ulstein og Herøy. Dette er ei bru som Senterpartiet synest det er på høg tid at blir gjort noko med. Det er viktigare enn utgreiingar om Hafast.

Kristin Sørheim frå same parti er leiar i samferdselsutvalet i fylkeskommunen. Ho meiner fylkeskommunen kunne ha blitt ein god vegeigar, om dei berre fekk nok pengar. Men no forsvinn ein stor del av pengane i store prosjekt på Austlandet og rundt dei største byane, medan asfalten smuldrar opp, bruene er for dårlege og vegane er smale og svingete.

Fylkesvegane utgjer 80 prosent av vegnettet. Då må dei også få pengar til å vedlikehalde og utbetre både kommunale og fylkeskommunale vegar.

For å ta igjen etterslepet på dette feltet har Senterpartiet foreslått eit tiårsprogram på 1,5 milliardar. For Møre og Romsdal vil dette utgjere 150–200 millionar i året. I dag nyttar dei 60 millionar til vedlikehald i året, så det er ei klar betring.

Statens vegvesen skal ha uttalt at fylket treng minst 130 millionar i året for å hindre ytterlegare forfall.

Dei meiner også at i ekstra store og dyre samferdselsprosjekt bør staten vere med å betale.

– Då eg møtte Nikolai Astrup (leiar i transport- og kommunikasjonskomiteen) onsdag denne veke sa han at folk ikkje bør røyste Senterpartiet om dei ønskjer betre vegar, for Senterpartiet kjem til å samarbeide med SV og MDG, og dei ønskjer ikkje bruke pengar på veg?

– Det er det reinaste sludder, fnyser Sørheim. Ho fortel at partia SP vil samarbeid med er samde med dei om at vegane bør haldast ved like, at det bør byggast gang- og sykkelvegar, dei vil ha skikkelege ferjer og gode bruløysingar.

– Astrup og Høgre har ikkje noko å skryte av i Møre og Romsdal, her har dei gjort lite, meiner Sørheim og Lien. Og legg til at det er ikkje sikkert det er SP som skal samarbeide med MDG. MDG har signalisert at dei er blokkuavhengige.