– Dette er eit kjempepositivt utspel frå statssekretæren, seier Hans-Ole Låbakk.

Statssekretær Øystein Bø i Forsvarsdepartementet var onsdag morgon til stades på Setnesmoen på Åndalsnes. Der var han for å snakke om framtida til HV-11. Under ein pressekonferanse kom det så fram at HV-11-distriktet ser ut til å vere berga. Det skriv Sunnmørsposten.

– Vi vil vidareføre HV-strukturen som i dag, inkludert HV-11, slo Bø fast ifølgje smp.no.

Statssekretæren kom til Setnesmoen saman med Høgre sin førstekandidat til Stortinget frå Møre og Romsdal, Helge Orten (H), innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp), Høgre sin fylkesleiar Dag Olav Tennfjord og høgreordførar Lars Olav Hustad.

– Må vente på Landmakt

Områdesjef Hans-Ole Låbakk meiner likevel ein må vente og sjå kva som får plass i den såkalla Landmaktutgreiinga, som skal presenterast for Stortinget i starten av oktober. Statssekretær Øystein Bø og resten av regjeringa si avgjersle om å behalde distriktet og leiren vil ta form av eit forslag i denne utgreiinga, skriv Sunnmørsposten. Utgreiinga skal så handsamast i Stortinget.

– Utgreiinga har kome til at det er viktig å halde oppe hovudstrukturen med eit kommandoelement mellom Bergen og Trondheim, seier statssekretæren.

Det kan bli fleirtal for dette på Stortinget, om regjeringa står samla.

Låbakk er difor naturlegvis spent på valet, og meiner at dei politiske partia har nytta nettopp heimevernet som ei valkampsak.

– Det var Senterpartiet som første fremja Heimevernet. No har også andre parti slutta seg til. Tydelegvis har politikarane sett kva konsekvensar dei føreslåtte kutta kunne fått.

Spent på strukturen

Områdesjefen har eit par tankekors kring situasjonen.

– HV-11 er kanskje berga, men det er ingen som har sagt noko om områdestrukturen. Forslaget går framleis på nedtrekk på 700 mann, men sidan Sjøheimevernet ikkje er nemnt heller, er det totalt 880 mann som kan vere ute. I sin noverande organisasjonsform vil då Sørøyane kunne forsvinne, seier Låbakk til slutt.