Under Matsalu Naturfilmfestival i Estland sist helg, vart filmen «Kunsten å legge seg paddeflat» heidra med ikkje mindre enn to prisar. I tillegg til at filmen fekk prisen for beste regissør, vart filmen om paddene i Austefjorden kåra til festivalens beste film.

I filmen møter vi entusiastane Oddvar Olsen og Gunnar Wangen og kampen deira for å ta vare på den lokale paddebestanden.

Matsalu Naturfilmfestival er dedikert til filmar om mellom anna natur, miljø, berekraft, biologisk mangfald og sameksistensen mellom menneske og dyr.

– Dette var skikkeleg stas. Festivalen kunne by på mange store filmar frå heile verda med spektakulære og eksotiske dyr. Då er det kjekt at også padder kan fascinere og engasjere. seier mannen bak filmen, Are Pilskog.

Juryen hadde dette å seie om «Kunsten å legge seg paddeflat», eller «A Toad Story» som filmen heiter på engelsk: «Store filmar vert verande hos oss lenge etter at vi har gått ut av kinosalen og inspirerer oss til å filosofere over vår plass i verda. Vinnaren av Grand Prix gjer nettopp dette. Det er ein underhaldande og oppløftande film som syner korleis lidenskap for naturen, til og med for eit lite, pussig vesen, kan få store ting til å skje.»

Matsalu Naturfilmfestival samarbeider med estisk TV, så filmen vil også bli synt på fjernsyn i Estland.

Det er allereie eit par år sidan «Kunsten å legge seg paddeflat» hadde premiere. Filmen deltek likevel på festivalar rundt om.

– I tillegg til i Estland har filmen vore vist under festivalar både i USA og Tyskland i år, og no står ein filmfestival i India for tur, fortel Pilskog.

Han innrømmer at han no er litt lei, om ikkje akkurat av padder, så i alle fall av sin eigen film som han har sett fleire hundre gonger. Då kan det vere greitt å ha nye prosjekt å jobbe med.

– Saman med mellom andre bror min, Sturla Pilskog, held vi på med ein film frå Grønland som vi reknar med å ha premiereklar neste år, opplyser han.

Filmen handlar om ein by på Grønland og korleis dei rundt 2500 innbyggjarane taklar planane om at det skal byggjast ein svær aluminiumsfabrikk i nærleiken og at rundt 3000 kinesiske arbeidarar er venta til byen.

Paddene i Austefjorden har blitt kjendisar etter at filmen «Kunsten å legge seg paddeflat» hadde premiere i mars 2015. Foto: Are Pilskog