Anne Gry Eilertsen var 17 år då ho tok til i lokalavisa Vestposten i Hareid.

– Eg skreiv ikkje så mykje i starten, eg arbeidde mest med å sette det andre hadde skrive. Men redaktør Ivar Grimstad må ha sett eit visst talent hos meg.

Det første oppdraget Ivar sette henne i sving med var å lage ein reportasje om hønsehald.

– Eg sette meg på sykkelen og la i veg til hønseriet der eg introduserte meg for innehavaren. «Hei», sa eg. «Eg lurte på om eg kunne få intervjue deg om hønsehald?»

«Å, i helvete heller!». Svaret kom kontant.

Den unge journalisten måtte sykle slukøyra tilbake til redaksjonen utan eit einaste sitat på blokka.

Trass i ein litt trasig start tok ikkje dette motet frå Anne Gry. Tallause artiklar har det blitt, både i Vestposten og i Vikebladet Vestposten, då dei to lokalavisene vart slått saman i 1989. I Vikebladet Vestposten hadde ho også redaktøransvaret i nær fire år.

Mange har gledd seg over dei humoristiske petitane hennar. Ikkje minst når ho fekk ta ut heimlege frustrasjonar over ektemannen Leiv Arne, som ho og har vore kollega med i så å seie heile sitt yrkesaktive liv. Leiv Arne gjekk av med AFP for nokre år sidan.

– Vi er veldig ulike, Leifen og eg, smiler Anne Gry.

Har vore heldig

– Eg har vore heldig som har fått jobbe i avis. Eg har trivdest veldig godt både som journalist og redaktør, særleg når det gjeld det å få snakke med og verte betre kjend med folk. Ikkje minst dei som ikkje er i mediebiletet til vanleg. Alle har ei historie å fortelje. Når folk opnar seg og fortel si historie, har eg blitt både overraska og fått klump i halsen.

Anne Gry har også skrive mykje om det lokale næringslivet.

– Dette tykkjer eg også har vore interessant. Eg er imponert over korleis dei lokale verksemdene har greidd å snu seg i dårlege tider. Og jammen meg ser det ut til at dei greier det denne gongen også, med satsingane på yacht- og cruise-bransjen. Eg har stor respekt for industrileiarane som har fått dette til, seier ho.

Endringar

Med 44 år i mediebransjen bak seg har Anne Gry opplevd ei rekkje store endringar, både når det gjeld teknologisk utvikling og endringar på eigarsida. Vikebladet Vestposten er i dag ein del av konsernet Polaris Media som omfattar avistitlar frå Nordfjord til Finnmark.

– Det har vore mykje nytt å setje seg inn i, men den største endringa kom utan tvil med nettavisa. Det endra verkeleg pulsen i redaksjonen. Å vere først ute med nyhenda heng over ein støtt, og det stressar. Eg har hatt mobiltelefonen liggjande parat på nattbordet i tilfelle det skulle skje noko, fortel ho.

No vonar ho at pulsen vil gå ned og at ho endeleg skal finne roa til lese dikt att.

– Eg har ikkje lest lyrikk på ti år. No vil eg lese meg opp på alle dei nye lyrikarane som har kome til. Poesi er genialt. Tenk på alt som kan seiast berre ved hjelp av nok-re få setningar.

Gravande pensjonist

Ho ser ikkje seg sjølv dovne hen i sofaen framfor tv-apparatet.

– Eg har ein hund som eg luftar kvar morgon og ettermiddag. Det er no det. Elles har eg, til familien si store uro, ikkje tenkt så mykje på kva eg skal gjere når eg no vert pensjonist. Eg har lyst til å grave i jorda. Eg er glad i hagearbeid, men tida har ikkje alltid strekt til. No er tida inne for å setje alle teoriane og planane mine ut i praksis. Trass i at Leifen minner meg om at det no går mot vinter.

Anne Gry har også engasjert seg innan amatørteater og har vore med både i Hareid Amatørteater og Hjørungavågspelet.

– Eg var vel vore med i ei 11–12 oppsetjingar med Hareid Amatørteater. Her var det Norleif Holstad som var instruktør dei fleste gongene.

Både Norleif Holstad og Ivar Grimstad har vore gode læremeistrar. Ei god forteljing og ein god dramaturgi er på mange måtar bygd opp på same viset, seier Anne Gry som er uviss på om ho kjem til å spele teater att.

– Men å sjå teater, det skal eg i alle fall, seier ho.

Ein draum ho har, og som no kan la seg gjennomføre, er å gå pilegrimsvegen frå Le Puy til Santiago de Compostela i eitt jafs.

– Dette er ei strekning på 165 mil, så det bør setjast av tre månader til denne turen, fortel ho.

Saman med Leiv Arne har ho lagt ut på vandring både langs pilegrimsleier og andre vegar i Frankrike, Spania og Italia. Ho reknar med at dei i lag har unnagjort i alt 225 mil på desse turane.

Einsemd

– Sjølv om eg har blitt kjend med mange, er det likevel ei viss einsemd i det å vere journalist og redaktør. Eg har halde ei viss distanse og ikkje vore medlem i så mange lag og organisasjonar. På mange måtar har eg stått utanfor den samfunnsmessige fellesskapen. I tillegg har jobben kravd så mykje av meg at eg ikkje har hatt tid til å pleie gode vennskapar i den grad eg skulle ønskje.

Om det er noko ho kjem til å sakne?

– Redaksjonsmøta om morgonen. Å sitje saman med kollegaene og vere med å skape den neste utgåva av avisa. Det vil eg sakne.