Rett etter at dommen var klar i ankesaka onsdag ettermiddag var det ein veldig glad Glen Børge Løset Flø som fortalde om sin reaksjon på dommen til Vikebladet Vestposten.

- Eg klarer nesten ikkje å tenke. Det er so mykje overveldande kjensler no. Det er så godt å bli trudd! seier Glen Børge.

- Det einaste dei har fått gjennom i anken er at dei har fått redusert erstatninga i høve invaliditetsgraden, og dei er ikkje nøydd til å betale ned studielånet.

- Kan gå vidare i livet

Glen Børge ønskjer ikkje berre å fokusere på seg sjølv no som resultatet er klart.

- For meg som person betyr dette at eg kan gå vidare i livet mitt. Skulle kommunen anke, noko eg ikkje anar om dei ønskjer å gjere, då veit eg rett og slett ikkje kva dei tenkjer med. No har dei tapt grundig i to rettssaker. No er eg glad for å forhåpentlegvis vere ferdig med dette, seier Løset Flø.

Som også tenkjer på sonen sin, men også mobbeoffer i heile Norge oppe i det heile.

- Eg har det framleis ikkje så lett i kvardagen, og med denne dommen kan eg ha moglegheita til å hjelpe han i oppveksten hans om det trengs. Samstundes har eg eit brennande ønskje om at det skal bli eit sterkare rettsvesen i Norge kring mobbeoffer. Eg håper denne dommen kan bidra til det, seier han.

Han er ikkje vidare imponert over Ulstein kommune si framferd i tingretten og lagmannsretten.

- Om dei verkeleg ønskjer å ta dette vidare til Høgsterett, og tape der også, så vær så god. Med tanke på den vitneførselen som har vore i begge rettssakene, der det i begge tilfella har blitt bekrefta mobbing i høgste grad, ser eg ikkje korleis dei rettsleg skal kunne vinne fram i Høgsterett, seier Glen Børge.

Les også: Ulstein kommune er dømt igjen

God kjensle

Løset Flø føler han har store delar av bygda med seg.

- Med så mange vitne i rettssaka og om lag heile bygda bak meg, så er det ei vanvitig god kjensle eg har no.

Advokaten til Glen Børge Løset Flø, Lars-Henrik Windhaug, ønskjer ikkje å kommentere dommen på noverande tidspunkt.

- Eg har fått med meg resultatet. Men utover det ønskjer eg ikkje seie noko enno, då eg no jobbar med å sjå gjennom lagmannsretten si rettslege vurdering i ankesaka, seier Windhaug.