I løpet av oktober skal NRK avgjere om dei vil kjøpe ein andre sesong av tv-serien eller ikkje.

– Vi har mange prosjekt til vurdering og avgrensa ressursar, men Heimebane ser veldig bra ut, seier Køhn.

Produsent Vilje Kathrine Hagen og dei andre i teamet vil svært gjerne lage ein ny sesong.

– Både Ane Dahl Torp og John Carew har sagt at dei vil vere med vidare, så eg håper verkeleg at vi får ja frå NRK, seier Hagen.

– Vi må finne ut om vi skal satse på noko nytt eller ein ny sesong av Heimebane, seier Køhn.

Ein ny sesong inneber nye opptaksdagar i Ulsteinvik til våren.