Fleire kommunar har problem med naudnettet

Naudnettet er fleire stadar i landet så dårleg at brannmannskap ikkje blir varsla ved alvorlege hendingar.

Ulstein kommune er ein av ti kommunar som har klaga til DSB om problem med naudnettet.  

Nyhende

Naudnettet blei utbetra i 2015, men framleis har kommunar over heile landet problem med dekninga, skriv NRK.

10 kommunar i Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Finnmark har klaga til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) om problem med naudnettet.

Blant kommunane med problem er Eide i Møre og Romsdal. Brannmeister i Eide Knut Jørgen Eide seier til NRK at dei hadde problem med dekninga seinast tysdag førre veke.

Dei andre kommunane som har klaga på dekninga i delar av kommunen er: Inderøy, Namsos, Frøya, Osen, Halsa, Ulstein, Herøy, Alta og Hadsel.