Ny søppelrekord på norske strender

Til no i år er det samla inn 434 tonn strandsøppel i Noreg. Det er ny rekord.

Til no i år er det samla inn 434 tonn strandsøppel i Noreg. Det er ny rekord. 

Nyhende

Noreg er på ryddetoppen i Europa, og med 1.364 ryddeaksjonar og 377 tonn avfall var 2016 eit rekordår for strandrydding i Noreg. Til no i år er det samla inn 434 tonn, og dermed er fjorårsrekorden allereie slått, skriv NRK.

Talet i år blir truleg mykje høgare fordi avfallsselskapa ofte legg inn tala sine mot slutten av året.

– Engasjementet for strandrydding har eksplodert, og Nordland har vore på ryddetoppen sidan 2015. I år kan det hende Hordaland vinn dette kappløpet, seier prosjektleiar Malin Jacob i Hold Norge Rent til NRK.