To søkjarar til legestilling

To kvinner har søkt på stillinga som fastlege ved Hareid legekontor. Arkivfoto 

Nyhende

Sist veke vart den offentlege søkjarlista til ei stilling som fastlege ved Hareid legekontor lagt ut på Hareid kommune sine nettsider.

Den viser at det har kome inn to søknadar til stillinga og det er to kvinner som har søkt.

Søkjarar:

Faith Mngor, 28 år, lege busett i Tromsø.

Giselle Almeida Rocha, 49 år, lege i psykiatri busett i Hareid kommune.

Det er også ein annan ledig fastlegeheimel i Hareid kommune, der søknadsfristen går ut tidleg i november.