Forslag til statsbudsjett for 2018:

10 milliardar til fleire kontraktar ved norske verft

Regjeringa foreslår ei ny låne- og garantiordning for kjøp av skip frå norske verft.

Illustrasjonsfoto frå Myklebust Verft. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Ordninga skal gjelde for skip som skal  nyttast i Norge.

Ordninga vil omfatte finansiering av til dømes fiskebåtar, ferjer, brønnbåtar og hurtigbåtar, og finansieringa vil bli gitt på marknadsvilkår.

– På denne måten bidrar vi til å skape auka aktivitet i verfta og til at kompetansen blir i Noreg, seier næringsminister Monica Mæland (H), i ein pressemelding.

– Ordninga vil kunne ha mykje å seie for aktørane i fiskerinæringa, og eg ser fram til å følgje med på dette vidare, seier Per Sandberg (Frp).

Ordninga skal forvaltast av GIEK og Eksportkreditt Norge og vil vere ei mellombels treårig ordning. Ordninga vil bli evaluert. Det vil vere ein føresetnad at GIEK gir långivargarantiar på like vilkår med bankane, og at Eksportkreditt Norge gir lån på marknadsvilkår. Ordninga skal etter planen vere operativ første halvår 2018.