Vikebladet Vestposten har fått fleire tips om lukta, som vert skildra som svovel, sur røyk, svidd leidning.

På Vervarslinga for Vestlandet viser dei oss vidare til NILU, Norsk Institutt for Luftforsking.

Seniorforskar Dag Tønnesen har ikkje høyrt om lukta før Vikebladet Vestposten ringer.

- Eg anar ikkje kva det kan vere for noko, det har i alle fall ikkje vore aktivitet i vulkanane på Island no nyleg.

Kan det vere lukt frå skogbrannane i California eller Sør-Europa?

- Nei, det trur eg ikkje.  Det er for langt unna.  Det einaste er kanskje frå Spania- men det har lege eit intenst lågtrykk over Irland dei siste dagane, så eg trur ikkje luft frå Spania har nådd Noreg no.

Og California?  Nei, luft frå California vil bruke minst fjorten dagar på å nå Noreg.

Eg har meir tru på at det snakk om noko som har skjedd lokalt på Søre Sunnmøre, kanskje nokon har sett fyr på nokre gamle oljefat?, seier Tønnesen.

Har du ein teori om kva lukta skuldast? Send oss gjerne ein epost: redaksjonen@vikebladet.no

På Vikebladet Vestposten si Facebookside fortel lesarar at det luktar også på Larsnes og Gurskøya.

Øystein Kleppestrand har lagt ved lenke til denne NRK-saka, og lurer på om lukta kan ha ein samanheng med det som står i artikkelen.