Dei nye lokala ligg i andre etasje i Sjøsida-bygget. Utleigar er Ulstein Utvikling, medan Ulstein Eigedomsselskap, UEKF, står som leigetakar. Dagleg leiar i UEKF, Rune Urke, fortel at han har inngått ein femårig leigeavtale. UEKF leiger så vidare til kulturkontoret og fjernvarmeselskapet.

– Vi fekk eit svært gunstig tilbod. Prisen er 176.000 kroner i året. I tillegg kjem fellesutgiftene.

Kor store blir fellesutgiftene?

– Det er førebels ikkje klart, seier Urke.

Lokala har stått tomme sidan bygget var ferdig, og skal no innreiast og vere klare til innflytting i januar.

Flyttar frå Geileneset

Det siste halvtanna året har dei kulturtilsette hatt kontor hos Fantastiske Osberget på Geileneset.

– Leigeavtalen der går eigentleg ut 1. november, men vi har forlenga med ein månad i påvente av det nye lokalet, fortel kultursjef Leif Ringstad.

Kulturkontoret skal ha fire kontorplassar i nyelokala.

– Eg gler meg

Ulstein Fjernvarme skal ha tre kontorplassar i dei nye lokala.

– Det skal verte kjekt å vere fleire, så eg gler meg, seier dagleg leiar Øyvind Amdam.

Han er i dag den einaste tilsette i selskapet, men frå nyttår startar det ein nytilsett prosjektleiar.

I dag har Amdam kontor i eit bygg i Bjørndalsvegen.

– For Ulstein Fjernvarme er det absolutt eit poeng å ha kontor i eit bygg som brukar vårt system og som har satsa på fornybar energi. Sjøsida er utrusta med slik energiforsyning, hovudanlegget vårt står faktisk i kjellaren der og det gjør også ein av energisentralene våre, fortel Amdam.

Ikkje politisk behandla

Saka har ikkje vore oppe til politisk behandling, men formannskapet har fått ei munnleg orientering.

– Eg var ikkje der sjølv, så det var nok anten ordførar eller rådmann som orienterte. Politikarane gav i alle fall klarsignal til flyttinga innanfor dagens økonomiske rammer, seier kultursjefen.

Det har ikkje lukkast Vikebladet Vestposten å finne ut kva tid denne orienteringa vart gitt, sidan det ikkje finst spor etter saka i møteprotokollane frå formannskapet.