Fann død person etter leiteaksjon

Leiteaksjonen blir koordinert frå klubbhuset på Hasundgot stadion.  

Leier aksjonen F.v. Knut Petter Dimmen i Sørøyane Røde Kors, innsatsleiar Bård Rasmus Mork (politiet) og hundeførar Else Marie Ressem.FOTO: KNUT ARNE AARSET/Sunnmørsposten 

Nyhende

Oppdatering: Politiet i Møre og Romsdal melder i ei oppdatering at det i løpet av natta er funne ein død person i terrrenget på Dimnøya, og at leiteaksjonen blir avslutta. Til Sunnmørsposten seier operasjonsleiar Leif Arne Mork opplyser at det er den sakna kvinna som er funnen og at det ikkje er mistanke om noko kriminelt.

Klokka 23.00 onsdag kveld jobbar leitemannskapa framleis for fullt på Dimnøya. Politi og Røde Kors opererer ut frå klubbhuset ved Hasundgot stadion, og rundt om i terrenget ser ein lysa frå ei rekkje hovudlykter.

Les også: Leiteaksjon på Dimnøya

– Vi har fleire hundeekvipasjar frå Norges redningshundar, og minst 50 mann frå Sørøyane og Volda-Ørsta Røde Kors. I tillegg har vi fleire frivillige som er her. Vi håpar at vi skal finne vedkomande så snart som råd, fortel politiet sin innsatsleiar på staden, Bård Mork til Vikebladet Vestposten.

Han legg til at RS Idar Ulstein framleis er ute og søker langs strandkanten, og ein skal i tillegg ha ut tre båtar frå Røde Kors som skal søke endå nærare strandkanten.

– Elles er vi i ferd med å søke over så mykje av Dimnøya som let seg gjere. Øya avgrensar seg litt av seg sjølv, men vi må søke der vi kan søke, og fram til vi finn den sakna, fortel Mork.

Han legg til at det er vanskeleg å seie kor lang tid det vil ta før ein ser noko resultat av leiteaksjonen. Den har vart sidan rundt 17.00 onsdag ettermiddag.

– Det er veldig vanskeleg å seie om vi nærmar oss eller ikkje, men vi håpar som sagt å finne vedkomande så snart som råd.

Har de behov for fleire frivillige?

– På noverande tidspunkt så har vi det vi treng av mannskap, fortel Mork.

Innsatsleiaren fortel at leitemannskapa kjem til å halde fram leitinga utover natta.