Leiteaksjon på Dimnøya

Det vart onsdag kveld sett i verk søk etter ein person på Dimnøya. RS Idar Ulstein har søkt langs land.  

Video: Tipsar

RS Idar Ulstein har søkt i fleire timar.   Foto: Skjermdump AIS

Nyhende

Onsdag kveld har redningsskøyta RS Idar Ulstein gjennomført søk utanfor Ulsteinvik.

Tips Vikebladet Vestposten har fått fortel at redningsskøyta har lyst langs land frå Hasund og innover mot Saunes, men lokalavisa sin reporter har også observert fartøyet i området mellom Ulstein verft og Dimnøya, og den siste tida har fartøyet konsentrert seg om området ved Lyngneset. Søket skal ha pågått i om lag ein time.

Operasjonsleiar Per Åge Ferstad fortel at ein leitar etter ein person, og at både redningsskøyte, Røde Kors, hundepatrulje og mannskap frå politiet er involvert i søket.

Politiet i Møre og Romsdal har også lagt ut ei melding via sin twitterkonto. Der går det fram at ein har sett i verk ein leiteaksjon etter ei kvinne på Dimna.


Relaterte saker: