– Det ville vere til stor hjelp for oss, viss publikum brukar telefonane sine til å sikre bevis, seier lensmann Hans-Eirik Pettersen, og held fram:

– For å få bukt med slik åtferd er det viktig at dei som er ramma vil samarbeide og bidra. Ei vitneforklaring og ein videosnutt vil føre til at vi raskare kan etterforske og straffeforfølgje dei som driv med slik køyring.

Sist fredag fekk politiet klage på at det føregjekk burning i Høddvollområdet. Men politiet var opptekne med eit anna oppdrag og fekk difor ikkje rykt ut til staden.

– Dyre bilar

Ifølgje politiloggen gjekk meldinga frå klagarane ut på at det var «tyske premiums bilar» som dreiv med burninga.

Lensmann Pettersen utdjupar:

– Det var snakk om dyre bilar, til dømes av merka BMW og Audi.

Er dette eit omfattande problem i Hareid og Ulstein?

– Eg vil ikkje seie at det er ein eigen burningkultur her, slik som vi ser i Ørsta, til dømes. Det er nok mest ein aktivitet vi ser på tørr asfalt og med sommardekk, men vi har slike tilfelle stort sett kvart helg, seier Hans-Eirik Pettersen.

Også på Hareid

Første helga i november fekk politiet klage på at nokon dreiv med burning på ferjekaia på Hareid.

– Eg trur nok det er eit avgrensa tal personar som driv med dette, at dei burnar fleire plassar, seier lensmannen.

I tillegg til å sikre bevis, kva vil du at publikum skal gjere?

– Dei som kjenner seg ramma på ein negativ måte, til dømes viss burninga uroar nattefreden, må gjerne ta seg bryet med å melde saka til politiet. Vi vil ikkje ha dette i tettbygd strok.

Kva reaksjonar kan politiet kome med?

– Viss politiet ser nokon som burnar, tek vi førarkortet frå vedkomande på staden. Då vert førarkortet inndrege i mellom tre og seks månader. I tillegg kan vi skrive ut bøter, faktisk heilt opp til ti tusen kroner. Vi vurderer mellom anna om køyringa har vore til fare for andre og om bilen har vore utfor vegen, fortel lensmann Hans-Eirik Pettersen.