Hareid formannskap var samla til budsjettmøte måndag i denne veka. Det vart ikkje vedteke noko, men det var semje om at ordføraren skulle ta eit møte med leiinga i Hareid Idrettslag.

Møtet vart gjennomført tysdag, men leiar Vegard Gjerde i Hareid Idrettslag meiner det ikkje er rett av han å referere så mykje frå dette møtet. Det bør eventuelt kommunen gjere.

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge har uttalt at det ikkje er noko kommunal oppgåve å byggje og drifte ein fotballhall.

– Eg kan seie såpass at vi under møtet med ordføraren diskuterte om det skal vere kommunen eller Hareid IL som byggjer fotballhallen, og at vi konkluderte med at det er best kommunen byggjer hallen, røper Gjerde.

Ei av årsakene til dette er at det er lettare for kommunane å få momskompensasjon, enn det er for idrettslag.

Fotballhallen står også oppført på KIF-planen (kommuneplan for idrett og fysisk aktivitet, noko han må gjere for å få utbetalt spelemidlar.

– Ein prioritert modell for oss er at kommunen byggjer hallen, og at idrettslaget inngår ein leigeavtale med kommunen. I tillegg må vi inngå ein driftsavtale, tilsvarande den vi har for baneanlegga, seier Gjerde.

Hareid IL har fått 1,1 millionar kroner i gåvemidlar frå Sparebanken Møre til ny fotballhall, og dei har også ein del pengar på bok som kan gå inn i hallen.

Gjerde fortel at dei blant anna har sett på modellen for leigeavtale som Hødd og Dimna IL inngjekk då den nye Ulstein hallen vart bygd.

Kapasiteten er sprengd

Nestleiar Harald Møller, som i fleire år har vore pådrivar for fotballhallen, slår fast at kapasiteten på treningsanlegga til Hareid IL er heilt sprengd. Enkelte dagar blir det telt opp til 100 spelarar ute på kunstgrasbana. – Behovet for ein fotballhall er stort. Det vil mellom anna frigjere kapasitet i idrettshallen, noko som kan kome både handball, turn og friidrett til gode. I dag er det ein kjempekabal å fordele treningstider i hallen, seier Møller. Han peikar på at det rundt om i regionen no poppar opp fotballhallar, og at det er viktig at Hareid ikkje blir akterutsegla med slike tilbod til ungdom frå heile kommunen.

Anne Gry Eilertsen

Stålhall: Fotballhallen er på 50x70 meter og i stål. Det har kome inn over 20 anbod, fordelt på 8 entrepriser. Skisse: UtbyggingsTeknikk.