Barnebarnet Siri-Lill Moldskred Hasund har vore ei viktig drivkraft for innsamlingsaksjonen til bestemora. 12-åringen fekk ein blodkreftdiagnose 26. oktober i 2016, og har sidan vore inn og ut av sjukehus. I mars 2019 skal ho etter planen vere ferdig med behandlinga.

– Eg har besøkt Siri-Lill mykje på sjukehuset, og eg har fått sjå kor viktig det er med aktivitetar og ting som kan bli krydder i kvardagen for born som må ligge mykje på sjukehus, seier Grethe-Karin. – Til dømes var det ikkje TV på alle romma ved sjukehuset i Ålesund. Slikt er viktig når immunforsvaret er nede, og du må opphalde deg på rommet heile døgnet.

Ho er imponert over jobben som dei frivillige i Barnekreftforeininga i Møre og Romsdal gjer.

– Det er berre å ta av seg hatten for dei. Barn som skal gjennom tøffe behandlingar treng litt krydder i kvardagen. Til dømes ein pizzakveld mellom sprøyter og cellegiftbehandling. Men det spørst om vi ikkje bør ta av oss hatten for Grethe-Karin Moldskred også. Dei siste vekene har ho reist rundt med eit handskrive brev til forretningar og bedrifter i Ulstein og Hareid der bodskapen har vore å gi litt pengar til Barnekreftforeninga i Møre og Romsdal.

– Eg har blitt svært godt mottatt, og må innrømme at eg har vore nøydd til å sitje litt i bilen mellom kvar gong eg har vore inne for å be om pengar. Eg blir så rørt når dei seier ja, fortel ho. Ei av forretningane som sa ja var Overvåg i Ulsteinvik. Dei gav 10 prosent av overskotet frå Black Friday, og summen vart 25.000 kroner, den høgaste til no.

Folk som vi gi kan nytte seg av Barnekreftforeninga sitt kontonummer 39010955401, Vipps til 13080 merka med Siri-Lill, eller sms til 95249881.

– Eg veit ikkje den nøyaktige summen før fredag kveld, men veit at eg i alle fall var kome inn 84.000 kroner tysdag. Vi skal lage ein sjekk med den endelege summen, og den skal Siri-Lill overrekke under julelunsjen til Barnekreftforeninga 2. desember. Då har ho fødselsdag, og no kjenner eg at eg blir rørt igjen, seier bestemora.