Grana er tend på Nesset

Nyhende

Tradisjonen tru vart julegrana på Nesset tend laurdagskvelden denne helga. Dei har ei lang tradisjonen med å tenne tre kvart år. Då samlast folk frå Kvammen, Snipsøyr og Nesset ute ved elektrisitetsverket på yste Nesset og har ei fin felles stund der, fortel Willy Nesset.

Då er det julesongar, gang rundt treet, noko å bite i og varme seg på.

Snipsøyrdalen Grendalag takkar Jim Nesset, Marius Nesset og Stian Kvalsvik for innsatsen for eit kjempeflott tre.