Prioriterer fotballhall

Mange ønskjer seg ein fotballhall på Hareid. (arkivfoto) 

Nyhende

I morgon, måndag, skal Hareid formannskap ha møte. Der skal dei mellom anna ta stilling til kva dei skal prioritere på lista for å søkje om spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet i 2018 (KIF-planen).

Levekårsutvalet handsama dette spørsmålet tidlegare denne veka. Tilrådinga til formannskapet er at dei vedtar fotballhall på topp, som ordinære anlegg. Deretter følgjer ei liste med nærmiljøanlegg: uteområdet ved Hareid skule, parken i Hareid sentrum og aktivitetspark.

Vedtaket er gjort med atterhald om kommunal finansiering av søknadene. Kommunen får ikkje spelemidlar til tiltaka utan at kommunen er med å betale. Vedtaket i levekårsutvalet var samrøystes.

Tilrådinga er i tråd med tilrådinga frå Hareid Idrettsråd.


Les også:


Leiinga i Hareid Idrettslag om ny fotballhall:

- Svært viktig med fotballhall