Ståle Rasmussen har vore konsernsjef for Kleven gjennom mange år, og har saman med resten av konsernet vore gjennom ein svært krevjande periode dei siste åra. Mykje har skjedd det siste året, og den største nyheita kom då det blei klart at Hurtigruten, Petter Stordalen og fleire andre aktørar, inkludert lokale, gjekk inn med 300 millionar kroner og blei nye medeigarar i verftskonsernet. Styreleiar Kjersti Kleven blei så erstatta med Leif Teksum, ein erfaren bankmann, siviløkonom og næringslivsleiar.

Det er nettopp Teksum som står i bresjen når Kleven no leitar etter ein arvtakar til stillinga som konsernsjef.

- Vi jobbar på så godt vi kan, men vi har ikkje sett nokon endeleg frist på når vi skal vere i hamn med dette arbeidet, seier Leif Teksum til Vikebladet Vestposten.

Styreleiaren kan bekrefte at Kleven har valt å alliere seg med eit firma som er ekspertar på å leite fram gode leiarkandidatar.

- Vi har knytt til oss rekrutteringsselskapet Mercuri Urval, der det er Ole Petter Bratteberg som er primærkontrakt for oss, seier Teksum.

Bratteberg har kontorstad i Oslo, men har også hovudansvaret for avdelinga til selskapet i Ålesund, og kjenner godt til den maritime klynga.

- Må finne den beste

Teksum meiner Kleven treng ein ny konsernleiar som både har evne til å sjå verftsnæringa for den situasjonen ho er i for tida, men også ein leiar som evnar å tenkje nytt.

- Vi må no prøve å identifisere gode, potensielle kandidatar til jobben. Vi ønskjer å finne den beste kandidaten, uavhengig av kvar han eller ho jobbar i dag. Den mest ideelle kandidaten hadde sjølvsagt vore ein som er svært oppteken av det som skjer i verftsnæringa og verftsindustrien i Norge, og som kjenner Sunnmøre og regionen kring Ulstein godt.

Fram til ein ny konsernsjef er på plass, vil Ståle Rasmussen framleis halde fortet.

- Vi har ein konsernsjef i dag som fungerer veldig fint. Han står på vidare, inntil vi har ein erstattar for han på plass. Eg er positiv til prosessen, og håper vi kan lande på eit resultat der vi får inn ein dyktig og framoverlent person som kan føre konsernet vidare inn i framtida, seier Leif Teksum avslutningsvis.