Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal:

Pengar både til Ulstein Arena og omstilling i Hareid

I det siste møtet i Regional- og Næringsutvalet for året blei Hareid kommune tildelt 500.000 kroner til omstilling og nyskaping, medan Ulstein kommune får nesten 3 millionar kroner til uteområdet ved Ulstein Arena.

Ulstein Arena "by night". Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal løyver ein god slump pengar til uteområdet ved Ulstein Arena, i tillegg til ein sum som skal gå til Hareid kommune sitt forprosjekt "Omstilling og nyskaping i Hareid".   Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.

Nyhende

Det var Hanne Notøy, Arbeidarparti-politikar i Ulstein og nestleiar i Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal, som kunne fortelje om nyheita etter møtet som gjekk av stabelen tysdag.

- Med 500.000 kroner til forprosjekt "Omstilling og nyskaping i Hareid" og 2.993.000 kroner til delfinansiering til uteområdet ved Ulstein Arena, er det ein særs fornøgd fylkespolitikar som er på heimveg etter årets siste møte i Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal. Takk til politiske kollegaer som støtta prosjekta samrøystes, skreiv Notøy på sin Facebook-profil.