Landbruksprodukt:

Privatpersonar får ikkje lenger pristilskot

Frå 2018 er det slutt på at privatpersonar kan få pristilskot ved levering av dyr til slakting eller kjøp av kraftfor.

No må alle gje opp organisasjonsnummeret sitt til slakteriet eller kraftfôrleverandøren for å få pristilskot.  Foto: Illustrasjon/Arkiv.

Nyhende

For å få tilskot, må ein frå nyttår ha føretak i Einingsregisteret, skriv Landbruksdirektoratet på nettstaden sin.

Endringa kjem som følgjer av at partane i den gjeldande jordbruksavtala ynskjer å prioritere det næringsdrivande jordbruket. No må alle gje opp organisasjonsnummeret sitt til slakteriet eller kraftfôrleverandøren for å få pristilskot.