Det er opna konkurs i buet etter det som fram til måndag denne veka heitte Grim & Gryt Økobryggeri AS på Hareid.

Måndag 11. desember endra selskapet foretaksnamn frå Grim & Gryt Økobryggeri AS til Consulting AS. Det går fram av ei kunngjering på Brønnøysundregisteret. Onsdag 13. desember vart det meldt oppbod i verksemda.

Bustyrar er Linda Brevik. Ho stadfestar at det er opna ein konkurs, men at ho ikkje har fått tid til å sjå på dokumenta på noverande tidspunkt.

Les også: Grim & Gryt treng éin million kroner