Ulstein kommune skriv tysdag på sine nettsider at kommunen har motteke ei stemning frå prosjekteringsgruppa "Next Level". Den siste tida har kommunen og prosjekteringsgruppa forhandla for å kome fram til ei minneleg løysing, men her er ein ikkje komne i mål.

Tvisten gjeld storleiken på rådgjevarhonorar i samband med bygginga av Ulstein Arena.

"Next Level" representerer Lund + Slaatto Arkitekter AS, Arkitektkontoret Nils Tveit AS, Bjørbekk og Lindheim AS, Dr. tech. Olav Olsen AS, MOE Rådgivende Ingeniører AS, ECT AS, SWECO AS, Rambøll Norge AS og Multiconsult AS.

Ifølgje Ulstein kommune er partane usamde om både faktiske forhold i saka og om kva som er rett rådgjevarhonorar. Ulstein kommune er no innstilte på å gå inn i ein rettsleg prosess for å avklare tvisten, skriv kommunen på sine nettsider.

Kommunen legg til at dei no ønskjer å gå nøye gjennom dokumentet og deretter utforme eit tilsvar til stemninga. Før det er gjort ønskjer dei ikkje å kommentere saka nærare.