– Å ta ut stemning var nødvendig, men det er veldig synd at vi måtte ta det steget, seier Axel Fiske.

Han er arkitekt i Lund + Slaatto Arkitekter AS, og har vore leiar i prosjekteringsgruppa. Gruppa kallar seg «Next Level», og representerer Lund + Slaatto Arkitekter AS, Arkitektkontoret Nils Tveit AS, Bjørbekk og Lindheim AS, Dr. tech. Olav Olsen AS, MOE Rådgivende Ingeniører AS, ECT AS, SWECO AS, Rambøll Norge AS og Multiconsult AS.

Betaling av rådgjevarar

Usemja mellom kommunen og prosjekteringsgruppa gjeld storleiken på rådgjevarhonorar i samband med bygginga av Ulstein Arena.

Tysdag sende Ulstein kommune ut ei pressemelding, der det heiter at partane er usamde om faktiske forhold i saka og om kva som er rett honorar.

Har forhandla

Kommunen og prosjekteringsgruppa har den siste tida forhandla for å kome fram til ei minneleg løysing, men dette har altså ikkje lukkast.

Axel Fiske sa følgjande til Vikebladet Vestposten 22. november:

– Eg kan stadfeste at vi har litt ulik oppfatning om ein del ting. Men eg synest vi har ein konstruktiv og positiv dialog gåande med Rune Urke i eigedomsselskapet.

Urke, som er dagleg leiar i Ulstein Eigedomsselskap KF sa den gongen at:

– Løysing i saka kan ein ikkje rekne med før over nyttår. På noverande tidspunkt er det uklart kva totalkostnaden for prosjektet blir, skriv han.

Ifølgje Fiske er det framleis dialog mellom prosjekteringsgruppa og kommunen, sjølv om det er levert inn stemning til Sunnmøre tingrett.

– Det er god dialog mellom partane, og framleis høve til å finne løysingar, seier Fiske.

Uviss sluttsum

Ulstein Arena vart opna 2. desember. Anlegget i Ulsteinvik sentrum rommar både bibliotek, badeanlegg, klatrehall og idrettshall.

Kva prosjektet vil koste, er framleis uklart. Det sist kjende kostnadsoverslaget er 268 millionar kroner frå i vår, men Rune Urke i eigedomsselskapet har tidlegare sagt at det vil gå langt inn i 2018 før sluttsummen er klar.

I tillegg til tvisten med prosjekteringsgruppa, er det fleire andre spørsmål som er uavklarte. Eigedomsselskapet har arbeidd med å selje parkeringsplassar i anlegget, der er det enno ikkje signert kontraktar for sal av plassar. Ifølgje Rune Urke skal kommunestyret på nyåret behandle denne saka på prinsipielt grunnlag: skal kommunen selje eller leige ut parkeringsplassar?

Heller ikkje spørsmålet om momskompensasjon for badedelen av anlegget er avklart.

– Eg ventar framleis på svar frå Skatteetaten, seier Urke.

Skal skrive svar

Ulstein kommune skal no gå nøye gjennom den 1200 sider lange stemninga, og deretter forme ut eit tilsvar til stemninga.

Ulstein kommune er no innstilte på å gå inn i ein rettsleg prosess for å avklare tvisten, skriv kommunen på sine nettsider.

– Vi har altså ikkje gitt opp håpet om å finne ei løysing utanfor rettssalen, seier Axel Fiske.

Kor mykje pengar er det striden handlar om?

– Det har eg ikkje lyst til å seie noko om no, svarer Fiske.